Musikk
Arkivet: Zazous Rimbaud
Han var ikkje meir enn 37 år gammal, Arthur Rimbaud, då han døydde utpå ettermiddagen 10. november 1891, for 130 år sidan. Den franske poeten, som det finst fleire norske omsetjingar av (til dømes Ein båt i rus, 1994, og Årstid i helvete, 2002, ved Haakon Dahlen), vart i 1992 vigd merksemd på Sahara Blue, eit flott konseptalbum kuratert av komponisten og produsenten Hector Zazou (1948–2008) som eg plukkar fram frå tid til anna. Det er ikkje så lett å få fatt i plata i dag, men det finst ein video på YouTube. Skal du ha det flotte omslagsheftet, må du likevel gå litt djupare til verks.
Det var litt av ein gjeng Zazou fekk med seg på Sahara Blue. Lisa Gerrard og Brendan Perry er med, David Sylvian dukkar opp, det same gjer John Cale, Anneli Drecker og Bill Laswell. Særleg glad er eg i det avsluttande sporet, der Richard Bohringer resiterer liner frå eit brev Rimbaud skreiv heilt på tampen av livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.