JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Arkivet: William Tyler

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
William Tyler.

William Tyler.

Foto: Chantal Anderson

William Tyler.

William Tyler.

Foto: Chantal Anderson

1492
20220211
1492
20220211

Ein må jo glede seg over at det finst typar som William Tyler (f. 1979), fødd og oppvaksen i Nashville, og mangeårig medlem i Lambchop, etter at Kurt Wagner inviterte han inn då han var 19 år – då bandet etter AWCMON / NOYOUCMON (2004) turnerte på ulike cinematek og framførte musikk til stumfilmklassikaren Sunrise (F.R. Murnau, 1927), kom dei innom det store auditoriet i Studentsenteret i Bergen, ei storhending for alle som var til stades, og ingen av dei gløymer vel Tyler.

Lite visste vi likevel då om kva som budde i den unge mannen, for platene han har gitt ut i eige namn det siste tiåret, teiknar eit bilete av ein instrumentalist og komponist med ein heilt eigen signatur. Plater som Modern Country (2016) og Goes West (2019), filmmusikken til Kelly Reichardts fantastiske First Cow (2019) og albumet han gav ut saman med Marisa Anderson i fjor, Lost Futures, er alle av høg kvalitet.

Likevel var det ikkje noko av alt dette som førebudde meg på Frozen Shelter, ei eksperimentell instrumentalutgiving som viser Tyler frå ei heilt ny side. Musikken inngår i serien Longform Editions og består av eitt einaste nesten 40 minutt langt stykke som tek nokre solide steg i retning av ambient.

Sjølv skriv Tyler på Bandcamp at komposisjonen i fantasien hans spelar over eit anlegg i eit bomberom idet verda går under, «ghostly music for a ghostly landscape».

Her ser vi ei heilt ny side ved Tyler, og eg tviler ikkje på at det endå finst mange fleire.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ein må jo glede seg over at det finst typar som William Tyler (f. 1979), fødd og oppvaksen i Nashville, og mangeårig medlem i Lambchop, etter at Kurt Wagner inviterte han inn då han var 19 år – då bandet etter AWCMON / NOYOUCMON (2004) turnerte på ulike cinematek og framførte musikk til stumfilmklassikaren Sunrise (F.R. Murnau, 1927), kom dei innom det store auditoriet i Studentsenteret i Bergen, ei storhending for alle som var til stades, og ingen av dei gløymer vel Tyler.

Lite visste vi likevel då om kva som budde i den unge mannen, for platene han har gitt ut i eige namn det siste tiåret, teiknar eit bilete av ein instrumentalist og komponist med ein heilt eigen signatur. Plater som Modern Country (2016) og Goes West (2019), filmmusikken til Kelly Reichardts fantastiske First Cow (2019) og albumet han gav ut saman med Marisa Anderson i fjor, Lost Futures, er alle av høg kvalitet.

Likevel var det ikkje noko av alt dette som førebudde meg på Frozen Shelter, ei eksperimentell instrumentalutgiving som viser Tyler frå ei heilt ny side. Musikken inngår i serien Longform Editions og består av eitt einaste nesten 40 minutt langt stykke som tek nokre solide steg i retning av ambient.

Sjølv skriv Tyler på Bandcamp at komposisjonen i fantasien hans spelar over eit anlegg i eit bomberom idet verda går under, «ghostly music for a ghostly landscape».

Her ser vi ei heilt ny side ved Tyler, og eg tviler ikkje på at det endå finst mange fleire.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis