Musikk

Arkivet: Tom Petty

Publisert

Vi er komne til den tida på året då ein del folk er på heimveg, og har du nokre timar reise føre deg – ikkje minst på motorvegen – og kan like Tom Petty, vil eg føreslå den omfangsrike konsertboksen som kom ut for litt sidan, som følgje i høyretelefonane eller på stereoen. Live at the Fillmore 1997 utgjer ei speleliste på vel fire timar med opptak frå the Fillmore i San Francisco, dit Petty sjølvsagt hadde med seg The Heartbreakers.

Med 72 spor spenner utgivinga ganske breitt og dokumenterer kor framifrå eit band Petty var heldig nok til å spele med – ikkje minst er det ein fryd å høyre Mike Campbell på gitar og Benmont Tench på tangentar igjen på desse songane.

Og dei som meiner dei har høyrt nok konsertopptak med denne gjengen, skal vite at dette er spesielt – det dokumenterer ei konsertrekkje der dei varierte setlista frå kveld til kveld, med nye arrangement og ei heil rekkje tolkingar av likt og ulikt, i tillegg til å invitere fleire gjester med seg på scenen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement