JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Arkivet: The Weather Station

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tamara Lindeman har laga ei de luxe-utgåve av albumet som kom på nyåret.

1378
20211008
1378
20211008

Året var ikkje mange vekene gammalt då The Weather Station gav ut Ignorance, ei plate som fekk meg til å slå i bordet og hente fram dei store orda på desse sidene, idet eg meinte at utgivinga kom til å stå fram som ei av dei beste platene i 2021. Det ser eg ingen grunn til å trekkje tilbake åtte månader og ein million lyttingar seinare, særleg ikkje etter at Tamara Lindeman no like godt har gitt ut plata på nytt, i ei såkalla de-luxe-utgåve (fysisk format, inkludert eit dobbelt vinylalbum, kjem om nokre veker). 

I tillegg til sjølve plata får vi to sider til, med alternative versjonar av songane, og to spor som ikkje kom med på Ignorance, «Look» og «Better Now». Kvaliteten er høg, både på det vi ikkje har høyrt før, og det som kjem i ny tapping.

Særleg fascinerande er det å høyre Lindeman ta det heilt ned i ein pianoballadevri på «Parking Lot», som her framstår som ein heilt annan song, heilt på høgde med plateversjonen og vel så det. På «Better Now» går assosiasjonane ganske fort til Kate Bush, men det har i alle fall ikkje eg noko imot. 

Om nokre veker tek The Weather Station til på ein turné som skal ta dei gjennom Canada og USA, før dei på vårparten kryssar Atlanteren og kjem til Europa, mellom anna til Oslo, den siste dagen i mars. Det vert ein av konsertane neste år som eg har aller høgast forventning til.  

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Året var ikkje mange vekene gammalt då The Weather Station gav ut Ignorance, ei plate som fekk meg til å slå i bordet og hente fram dei store orda på desse sidene, idet eg meinte at utgivinga kom til å stå fram som ei av dei beste platene i 2021. Det ser eg ingen grunn til å trekkje tilbake åtte månader og ein million lyttingar seinare, særleg ikkje etter at Tamara Lindeman no like godt har gitt ut plata på nytt, i ei såkalla de-luxe-utgåve (fysisk format, inkludert eit dobbelt vinylalbum, kjem om nokre veker). 

I tillegg til sjølve plata får vi to sider til, med alternative versjonar av songane, og to spor som ikkje kom med på Ignorance, «Look» og «Better Now». Kvaliteten er høg, både på det vi ikkje har høyrt før, og det som kjem i ny tapping.

Særleg fascinerande er det å høyre Lindeman ta det heilt ned i ein pianoballadevri på «Parking Lot», som her framstår som ein heilt annan song, heilt på høgde med plateversjonen og vel så det. På «Better Now» går assosiasjonane ganske fort til Kate Bush, men det har i alle fall ikkje eg noko imot. 

Om nokre veker tek The Weather Station til på ein turné som skal ta dei gjennom Canada og USA, før dei på vårparten kryssar Atlanteren og kjem til Europa, mellom anna til Oslo, den siste dagen i mars. Det vert ein av konsertane neste år som eg har aller høgast forventning til.  

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis