Musikk
Arkivet: Stranger Things og musikken
Kate Bush har fått ny merksemd for ein gammal låt.
Foto: Trevor Leighton / EMI / AP / NTB
Frå og med i dag vil dei to siste episodane av den fjerde sesongen av Stranger Things vere på plass på Netflix, og det er lite som tyder på at fansen vil verte skremde bort av ei total speletid på nesten fem timar. Kva det heile vil munne ut i, skal vi ikkje spekulere i her, men i ei spalte som dette kan vi undre oss over kva musikkbruken på oppløpet kan føre med seg.
Mange har nok fått med seg at første del av sesongen for nokre veker sidan førte Kate Bush til toppen av listene, og det med ein song frå 1985. Kanskje sit ein eller annan artist med glansdagane godt bak seg og håpar på å gni seg i hendene i løpet av dei neste dagane?
Kritikar Rachel Brodsky rynka litt på nasen over viraken rundt «Running Up That Hill (A Deal With God)» i Stereogum, i ein artikkel talande titulert «Everything Old Is New Again, And Everything New Is Out Of Luck». For Brodsky illustrerte Bush-suksessen sanninga i ein observasjon frå kritikarkollega Ted Gioia på nyåret, der han med tal og statistikk viste at den største økonomiske veksten i den nordamerikanske musikkmarknaden no fell til gamle songar. Aldri har det vore lettare å finne vegen til akkurat dei, skriv Brodsky, og musikkindustrien vil resirkulere det trygge, framfor å risikere med noko nytt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.