Musikk
Arkivet: Son House
Det er litt av ein godbit Dan Auerbachs plateselskap Easy Eye Sound deler med verda når dei denne veka gir ut Forever On My Mind, eit opptak med Son House (1902–1988) datert 23. november 1964 og laga ved Wabash College i Crawfordsville i Indiana, eit knapt halvår før han spelte inn det som skulle verte The Legendary Son House: Father of Folk Blues (1965). Dei åtte songane fanst på ein teip som låg i ein pappboks heime hos manageren Dick Waterman, og rommar sju alternative versjonar, og tittelsporet, ein låt som aldri vart spelt inn i studio.
I Feel Like Going Home (1971) fortel Peter Guralnick om korleis Son House la frå seg gitaren og fann seg arbeid ved jarnbanen i New York i 1943 og vart henta tilbake til musikken av Waterman og andre bluesentusiastar i 1964. Det går an å hevde at mannen er den mest sentrale figuren i deltatradisjonen, hevdar Ted Gioia i Delta Blues (2008) – han samarbeidde med Charley Patton, var ein slags mentor for Robert Johnson, inspirerte Muddy Waters, hjelpte Alan Lomax med innsamlingsarbeidet hans på 1940-talet og var viktig då fleire bluesartistar vart henta fram frå skuggane på 1960-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.