Musikk
Arkivet: Sommarferieblues
Eddie Cochran fekk ein hit med «Summertime Blues» i 1958.
Foto via Wikimedia Commons
Frå sentimental nostalgi til hemningslaus festmusikk og mykje anna. Vi har alle våre favorittar. I Rolling Stone-magasinets oppdaterte kåring av 50 Best Summer Songs Of All Time er dei gamle eldst. Det hjelper ikkje at Harry Styles er med, på pallplassane er det afroamerikansk dansemusikk frå 60- og 70-åra som gjeld. Chic tronar øvst med «Good Times» følgd av Martha & the Vandellas og Marvin Gaye.
Eldste innspelinga på lista er «Summertime» i 1957-tolkinga til Sam Cooke. Nest eldste er rockabillylåten «Summertime Blues» som Eddie Cochran fekk ein hit med både i USA og England i 1958. I 2023 er han på 21. plass i kåringa til Rolling Stone.
Cochran var stilskapande gitarist og skreiv tekster som sette ord på keisemda og frustrasjonane til amerikansk forstadsungdom på 50-talet. «Summertime Blues» med «I’m gonna make a fuss I’m gonna make a hollar/ about working all week trying to make a dollar/ everytime I call my baby try to get a date/ my boss says no dice son, you gotta work late.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.