Musikk
Arkivet: Segalls metallfuglmusikk
Matt Yokas dokumentarfilm Whirlybird (2020) gir eit fascinerande innblikk i livet og arbeidet til reporterane Zoey Tur og Marika Gerrard, og lydsporet er det ingen ringare enn Ty Segall som står for, eit oppdrag gitaristen har løyst med stor teft for kva type musikk materialet trong.
Whirlybird tek oss med til Los Angeles på 1990-talet, då Tur og Gerrard rasa rundt i eit helikopter og dekte fleire av dei største sakene på den tida ovanfrå, inkludert gateslagsmål rundt Rodney King-saka og O.J. Simpsons flukt – dei filma mannen på veg bortover motorvegen i sin kvite Ford Bronco, i eit klipp som høyrer til mellom dei mest resirkulerte i moderne tid.
Filmen viser korleis kamerabruk i luftrommet transformerte reportasjane, på godt og vondt, anten det gjaldt politivald eller regelrett overvaking av kjendisliv, og peikar på dilemma vi kjenner frå vår eiga tid, der bruken av dronar i journalistikken eskalerer. Sjølv om Yokas tunge fokus på Tur og Gerrards mildt sagt turbulente familieliv får vel mykje plass, skyr ikkje filmen unna dei mange etiske spørsmåla denne reportasjekulturen reiste, og reiser.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.