Musikk

Arkivet: Sarah syng Mahalia

Sarah Brown i studio.
Sarah Brown i studio.
Publisert

Mahalia Jackson (1911–1972) var songaren som hjelpte Mavis Staples med å «finne si eiga røyst», kjem det fram i Greg Kots I’ll Take You There (2014): Gospel-songarar som Dorothy Love Coates (1928–2002) i the Gospel Harmonettes og Ruth Davis (1927–1970) i the Davis Sisters var viktige for henne, men Jackson fekk avgjerande innverknad, ein bakgrunn som gjer møtet mellom dei to songarane på scenen sommaren 1969 – nyleg dokumentert i konsertfilmen Summer of Soul (2021) – ekstra spesielt.

Jackson har sjølvsagt vore viktig for mange songarar, mellom dei Sarah Brown, som i dag er ute med Sarah Brown Sings Mahalia Jackson. For mange vil Brown vere eit ukjent namn, sjølv om røysta kan verke kjend – den engelske songaren har nemleg figurert på plater og turnear med Stevie Wonder, Pink Floyd, George Michael og Roxy Music, for å nemne berre nokre få namn frå ei prominent liste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement