Arkivet: Rytmisk julemusikk
Nick i bakre rekke med hornbriller blant alle godbitane. Plata har namnet til ein kjend engelsk julekonfekt.
Desember er høgsesong for musikkartistane, og tradisjonelle julesongar med den eigentlege bodskapen vekslar med like tradisjonelle verdslege noveltylåtar om julenissar, snømannen Kalle og Rudolf med den raude nasen. Greier du å lansere ein ny hit i denne subsjangeren, er du garantert speling og sal i mange år framover.
Nick Lowe, ein husgud i denne spalta, gjorde eit heiderleg forsøk med songane på julealbumet Quality Street, som han gav ut tidleg på 2010-talet. Det er laga mange popsongar om å kome seg heim til kjærasten med fly, men i «Christmas at the Airport» blir det ikkje kalkunmiddag. Den metalliske høgtalarstemma melder om snø og tåke. Likevel greier Lowe å skape lun julestemning gjennom fråværet. Han gjer det beste ut av det med ein burger frå søppelbøtta.
Stor er også versjonen hans av «Silent Night», som er inspirert av innspelinga til New Orleans-pianisten Huey «Piano» Smith på julealbumet hans ‘Twas the Night Before Christmas frå 1962. Det albumet kom ikkje berre natta før julekvelden, det var langt føre si tid. Ein diskjockey i North Carolina knuste plata på direkten. Det var blasfemi den gongen å spele «Silent Night» slik.
Men Nick Lowe er det umogeleg å ikkje like!
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Desember er høgsesong for musikkartistane, og tradisjonelle julesongar med den eigentlege bodskapen vekslar med like tradisjonelle verdslege noveltylåtar om julenissar, snømannen Kalle og Rudolf med den raude nasen. Greier du å lansere ein ny hit i denne subsjangeren, er du garantert speling og sal i mange år framover.
Nick Lowe, ein husgud i denne spalta, gjorde eit heiderleg forsøk med songane på julealbumet Quality Street, som han gav ut tidleg på 2010-talet. Det er laga mange popsongar om å kome seg heim til kjærasten med fly, men i «Christmas at the Airport» blir det ikkje kalkunmiddag. Den metalliske høgtalarstemma melder om snø og tåke. Likevel greier Lowe å skape lun julestemning gjennom fråværet. Han gjer det beste ut av det med ein burger frå søppelbøtta.
Stor er også versjonen hans av «Silent Night», som er inspirert av innspelinga til New Orleans-pianisten Huey «Piano» Smith på julealbumet hans ‘Twas the Night Before Christmas frå 1962. Det albumet kom ikkje berre natta før julekvelden, det var langt føre si tid. Ein diskjockey i North Carolina knuste plata på direkten. Det var blasfemi den gongen å spele «Silent Night» slik.
Men Nick Lowe er det umogeleg å ikkje like!
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.