Musikk
Arkivet: Richmans country
Jonathan Richman live i Tokyo i november 1990.
Foto: Masao Nakagami / Wikimedia Commons
Det var på tredjeplata at den mildt sagt allsidige luringen Jonathan Richman fann ut at han like godt skulle lage country. Jonathan Goes Country (1990) samlar tolv spor på vel halvtimen, der litt under halvparten er tolkingar og resten eigne originalkomposisjonar. Denne våren er det trykt ny vinyl, og det er atter råd å få tak i ei utgiving som etter kvart har vorte nokså sjeldan.
Det er ikkje tvil om at Jonathan Goes Country delte lyttarane til Richman. Somme av dei som primært hadde tenkt seg fyren som ein pønkar, kunne styre seg. Det gav han blaffen i, for dette er ein profil som alltid har gått sine eigne vegar, kva no enn forventningane har vore.
Det er nok vanskeleg å sjå tre tiår seinare, i ei tid der alskens artistar leflar med country, kvifor nokre hissa seg så fælt opp – i dag vil ikkje denne typen album ha vore så provokativt frå ein artist av den typen Richman er.
At han kjende sjangeren han gjekk inn i, er det liten tvil om. Det er ikkje alltid så lett å skilje mellom det han har laga sjølv, og det han tolkar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.