Musikk
Arkivet: Richard Pinhas
Då Richard Pinhas gav ut Iceland i 1979, var det hans tredje soloalbum, men det første etter at gruppa han var ein del av, Heldon (1974–1978), braut opp, eit band som med sin miks av elektronika og rock henta inspirasjon frå mellom andre Robert Fripp, og då ikkje minst frå denne gitaristens samarbeid med Brian Eno.
Ekko frå den konstellasjonen er det heller ikkje vanskeleg å høyre i det Pinhas har laga åleine, musikk der feedback på gitaren, bruk av effektboksar av ulike slag og loops er grep som går att.
Når Iceland no kjem ut på nytt, på selskapet Bureau B, er det også ei påminning om Pinhas’ hang til det konseptuelle, for det passande titulerte albumet kjennest på mange måtar som ein meditasjon over isolasjon og einsemd. Dette kontemplative preget overraskar då heller ikkje, for Pinhas har alltid vore orientert mot filosofiske spørsmål i arbeidet sitt, noko som ikkje minst er reflektert i at han fullførte ei doktoravhandling i filosofi ved Sorbonne-universitetet i 1974 og var ein kjenning av folk som Gilles Deleuze (1925–1995) og Jean-Francois Lyotard (1924–1998). Eit avtrykk frå førstnemnde er vel ikkje minst tydeleg på plata han kom med for fire år sidan, også på Bureau B: Rhizosphere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.