Arkivet: Radiohead
Radiohead, med gitarist Ed O’Brien (t.v.), Jonny Greenwood, sologitar, Colin Greenwood, bassgitar, Thom Yorke, vokal, og trommeslagar Phil Selwayan, på eit hotellrom i tidlege 2000-år.
Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB
Eg kan ikkje gjere anna enn å spisse øyra når Radiohead løftar fram Kid A (2000) og Amnesiac (2001), og leitar fram og samlar anna materiale frå perioden i ein tredje albumkonstellasjon dei no kallar Kid Amnesiae, «eit minnepalass av halvhugsa og halvgløymt materiale», som det heiter i ei pressemelding, og gir ut det 34 spors store beistet som trippelalbumet KID A MNESIA (med karakteristisk kul omslagskunst ved Stanley Donwood).
Ein smakebit har vore å høyre ei stund, nemleg den beint fram nydelege «If You Say the Word». (Korleis kan denne songen ha vorte liggjande så lenge?)
Eg held Kid A for å vere ei av dei store utgivingane på denne sida av millenniumsskiftet. Det var den første plata eg skreiv om her i avisa, over ei heilside, då ho kom ut i oktober 2000. Kid A har den rette etterklangen, skreiv eg den gongen, og det står eg for enno. Det var ei særs kreativt utprøvande tid for Radiohead, og også det som vart liggjande, eller ikkje fekk nok merksemd, er vel verdt ein lytt, ikkje minst i samla form på KID A MNESIA.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg kan ikkje gjere anna enn å spisse øyra når Radiohead løftar fram Kid A (2000) og Amnesiac (2001), og leitar fram og samlar anna materiale frå perioden i ein tredje albumkonstellasjon dei no kallar Kid Amnesiae, «eit minnepalass av halvhugsa og halvgløymt materiale», som det heiter i ei pressemelding, og gir ut det 34 spors store beistet som trippelalbumet KID A MNESIA (med karakteristisk kul omslagskunst ved Stanley Donwood).
Ein smakebit har vore å høyre ei stund, nemleg den beint fram nydelege «If You Say the Word». (Korleis kan denne songen ha vorte liggjande så lenge?)
Eg held Kid A for å vere ei av dei store utgivingane på denne sida av millenniumsskiftet. Det var den første plata eg skreiv om her i avisa, over ei heilside, då ho kom ut i oktober 2000. Kid A har den rette etterklangen, skreiv eg den gongen, og det står eg for enno. Det var ei særs kreativt utprøvande tid for Radiohead, og også det som vart liggjande, eller ikkje fekk nok merksemd, er vel verdt ein lytt, ikkje minst i samla form på KID A MNESIA.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»