Musikk

Arkivet: Prince, 1985

Prince og The Revolution då dei tok imot The American Music Award for beste singel, «When Doves Cry», i 1985.
Prince og The Revolution då dei tok imot The American Music Award for beste singel, «When Doves Cry», i 1985.
Publisert

«My name is Prince, and I come to play with you.» Med dei orda opnar Live in Syracuse, March 30, 1985, før artisten, som vart fødd Prince Roger Nelson (1958–2016), og bandet The Revolution kastar seg ut i «Let’s Go Crazy», i eit konsertopptak som rommar ganske nøyaktig det platetittelen lovar. Trøkket er stort frå første tone og held seg slik heile vegen, fram til dei nesten tjue minutta det krev å framføre det tjuande sporet på denne utgivinga, avslutningssongen «Purple Rain».

Det var nokre veker seinare på våren i 1985 at Around the World in a Day kom ut, på eit tidspunkt då Prince var på veg inn i dei sterkaste åra i karrieren – Purple Rain kom ut sommaren før, Parade (1986) og Sign o´ the Times (1987) skulle følgje. Mannen var i ferd med å bli eit popikon, med ein eksplosiv popularitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement