Musikk

Arkivet: På sporet av Gilberto

João Gilberto Prado Pereira de Oliveira (1931–2019) var ein brasiliansk sangar og gitarist som ofte blir kalla bossanovaens far.
João Gilberto Prado Pereira de Oliveira (1931–2019) var ein brasiliansk sangar og gitarist som ofte blir kalla bossanovaens far.
Publisert

Filmtenesta Mubi har ein fin musikk-på-film-serie gåande – mellom titlane er Songs for Drella (1990), med Lou Reed og John Cale, omtalt på desse sidene før sommaren, den strålande ferske Nick Cave-filmen This Much I Know To Be True, Todd Haynes’ Dylan-film I’m Not There (2007), med ein gnistrande Cate Blanchett, og Stephen Kijaks film om Scott Walker, Scott Walker: 30 Century Man (2006).

Mellom dei (i skrivande stund) 16 filmane er også Wo bist du, João Gilberto? (2018), der dokumentarfilmskaparen Georges Cachot vasar rundt i Rio de Janeiro for å finne den legendariske brasilianske artisten, med inspirasjon frå ei bok av forfattaren Marc Fischer. (Boka kom ut kort tid etter at forfattaren tok livet av seg i 2011.) Gilberto var ein av desse kunstnarane som gjorde det eksepsjonelt vanskeleg for folk å få kontakt med han, noko som gjorde han myteomspunnen, ikkje minst i ei samtid prega av omfattande ekshibisjonisme.

Ei detektivhistorie, med andre ord, og eg skal ikkje avsløre utfallet av Cachots kvilelause jakt, men understreke at filmen har mangt anna å by på, ikkje minst nydeleg filmfotografi ved Stéphane Kuthy. Wo bist du, João Gilberto? handlar etter kvart mykje om ein by og ein kultur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement