Musikk

Arkivet: Nina Simone

Nina Simone fotografert i London i 1968.
Nina Simone fotografert i London i 1968.
Publisert

Plateselskapet BMG har i sommar gitt ut det aller første albumet til Nina Simone (1933–2003), Little Girl Blue (1959), på nytt. Opptaket vart gjort i ein fei alt på tampen av 1957, men det er ein sikker artist som sit ved pianoet, og røysta er ikkje til å ta feil av, sjølv om ho ikkje hadde fylt 25 år.

Endå yngre var ho då ho tok til å spele på ein nattklubb i Atlantic City for å tene pengar til å ha råd til private pianotimar, for Simone var eit formidabelt klassisk musikktalent. Det kunne ein sjølvsagt høyre på pianospelet hennar heilt frå starten av, også på Little Girl Blue, som inneheld fleire av songane ho spelte på Midtown Bar & Grill. Sjekk til dømes ut Simone-klassikaren «Love Me or Leave Me».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement