Musikk
Arkivet: Nick Cave på kne
Nick Cave på scena.
Skjermdump
Denne vinteren har eg gått rundt og lytta til lydbokutgåva av Faith, Hope and Carnage (2022), den lange samtalen Nick Cave har gitt ut i bokform saman med Seán O’Hagan, der dei to sit i eit studio og «rekonstruerer» det som vart sagt mellom dei i ei rekkje møte som fann stad under pandemien. Eg trudde eg visste kva for utgiving dette var, men ein kamerat tipsa meg om at det skjulte seg noko heilt uvanleg i utvekslinga mellom artisten og forfattaren – djupe innsikter og til og med livsvisdom. Han hadde rett.
Boka fortener ein skikkeleg tekst, men her er det berre eit lite sidespor eg vil løfte fram. Pandemifast og utan sjanse til å stå på ein scene uroar Cave seg for korleis det skal gå når han etter lang tids pause går ned på kne framføre publikum, ikkje minst no når han dreg på åra. «I haven’t done a full knee drop for two years», seier han og legg til: «The knee drop feels like a matter of professional honour. I love a good knee drop. It’s the most beautiful of all on stage moves.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.