Musikk
Arkivet: Neko Case
Om nokon skulle trenge ei stadfesting på kor fenomenal ein låtskrivar og vokalist Neko Case er, byr høvet seg no, med den retrospektive samleplata Wild Creatures, som samlar heile 23 låtar frå ein platekarriere som no har vart i eit kvart hundreår.
Over halvparten av songane, som ikkje kjem i kronologisk rekkjefølgje etter utgivingsår, klokkar inn på under tre minutt, for Case har alltid vore ein kontant songsmed.
Det har gått fire år sidan førre soloplate, Hell-On (2018), men Wild Creatures byr også på ein ny, fin låt, «Oh Shadowless». Tek du turen til artistens heimeside, får du dessutan tilgang til mykje fint materiale i høve utgivinga – folk som Rosanne Cash, Jeff Tweedy og David Byrne feirar Case i korte tekstar, og også forfattaren Susan Orlean, som skildrar sitt første møte med musikken hennar slik:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.