Arkivet: Mockingbird
«Charlie Foxx spelte gitar og hadde ei djup bassrøyst i verknadsfull kontrast til søstera si klokkereine toneflukt i det høge registeret.»
Familienamnet Johnston dugde ikkje. Foxx gjorde susen.
«Everybody have you heard/ He’s gonna buy me a mockingbird/ And if that mockingbird don’t sing/ He’s gonna buy me a diamond ring», heitte det i den millionseljande rhythm & blues-hiten «Mockingbird» til søskenparet Inez og Charlie Foxx i 1963. Dei stod bak både tekst, melodi og framføring, bygd på den tradisjonelle voggevisa «Hush Little Baby», først skriven ned i 1918 av folkemusikksamlaren Cecil Sharp og utgitt på plate av The Weavers i 1950.
Charlie Foxx spelte gitar og hadde ei djup bassrøyst i verknadsfull kontrast til søstera si klokkereine toneflukt i det høge registeret. Dei var spektakulære på scena og blei yndlingar i England etter at dei song på ITV-showet Ready Steady Go!. Aretha Franklin, som enno ikkje hadde slått igjennom, fekk ikkje suksess med sin coverversjon. Betre gjekk det med Carly Simon og James Taylor, som blei topp fem i USA våren for 50 år sidan. 80-talsutgåva til britiske The Belle Stars floppa, men vi som elskar screwball-komedien Dum og dummere frå 1994, får aldri nok av bilscena der Jim Carrey og Jeff Daniels syng «Mockingbird» a capella.
Då står det berre att å nemne Carl Jularbo-valsen «Livet i Finnskogarna», som i USA blei til «Mocking Bird Hill» med Les Paul & Mary Ford.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
«Everybody have you heard/ He’s gonna buy me a mockingbird/ And if that mockingbird don’t sing/ He’s gonna buy me a diamond ring», heitte det i den millionseljande rhythm & blues-hiten «Mockingbird» til søskenparet Inez og Charlie Foxx i 1963. Dei stod bak både tekst, melodi og framføring, bygd på den tradisjonelle voggevisa «Hush Little Baby», først skriven ned i 1918 av folkemusikksamlaren Cecil Sharp og utgitt på plate av The Weavers i 1950.
Charlie Foxx spelte gitar og hadde ei djup bassrøyst i verknadsfull kontrast til søstera si klokkereine toneflukt i det høge registeret. Dei var spektakulære på scena og blei yndlingar i England etter at dei song på ITV-showet Ready Steady Go!. Aretha Franklin, som enno ikkje hadde slått igjennom, fekk ikkje suksess med sin coverversjon. Betre gjekk det med Carly Simon og James Taylor, som blei topp fem i USA våren for 50 år sidan. 80-talsutgåva til britiske The Belle Stars floppa, men vi som elskar screwball-komedien Dum og dummere frå 1994, får aldri nok av bilscena der Jim Carrey og Jeff Daniels syng «Mockingbird» a capella.
Då står det berre att å nemne Carl Jularbo-valsen «Livet i Finnskogarna», som i USA blei til «Mocking Bird Hill» med Les Paul & Mary Ford.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE