Arkivet: Meir Revolver
Beatles-industrien jobbar på, og turen er komen til å røske tak i innhaldet på heilt fabelaktige Revolver (1966), som ein med gode grunnar kan hevde er ei før-og-etter-utgiving i katalogen til bandet. Her såg ein tydelege teikn på den eksperimenterande, kreative leiken med ord, instrument og lyd som skulle verte så viktig på platene som følgde, og ein møtte eit Beatles som stod på terskelen til noko nytt.
Den nye utgåva er miksa og optimalisert på beste vis, slik Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (1967) vart det for fem år sidan, The White Album (1968) for fire år sidan, Abbey Road (1969) for tre år sidan, og Let It Be (1970) i fjor. I hovudsetet bak arbeidet finst produsent Giles Martin, sonen til den legendariske Beatles-produsenten George Martin (1926–2016).
For dei av oss som klarer oss heilt fint med lyden som alt finst på tidlegare utgåver, er det også interessante ting å hente i desse nye konfigurasjonane av Revolver. Ei lita bok inneheld nye tekstar av Paul McCartney og Giles Martin og – kanskje endå meir pirrande – eit essay av Questlove. Spor-for-spor-merknader er skrivne av Beatles-hovudet Kevin Howlett. Det finst også mykje snadder frå arkivet på sidene i heftet, som handskrivne tekstar og slikt.
Desse folka er saktens gode på å gi ut same plata igjen og igjen.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Beatles-industrien jobbar på, og turen er komen til å røske tak i innhaldet på heilt fabelaktige Revolver (1966), som ein med gode grunnar kan hevde er ei før-og-etter-utgiving i katalogen til bandet. Her såg ein tydelege teikn på den eksperimenterande, kreative leiken med ord, instrument og lyd som skulle verte så viktig på platene som følgde, og ein møtte eit Beatles som stod på terskelen til noko nytt.
Den nye utgåva er miksa og optimalisert på beste vis, slik Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (1967) vart det for fem år sidan, The White Album (1968) for fire år sidan, Abbey Road (1969) for tre år sidan, og Let It Be (1970) i fjor. I hovudsetet bak arbeidet finst produsent Giles Martin, sonen til den legendariske Beatles-produsenten George Martin (1926–2016).
For dei av oss som klarer oss heilt fint med lyden som alt finst på tidlegare utgåver, er det også interessante ting å hente i desse nye konfigurasjonane av Revolver. Ei lita bok inneheld nye tekstar av Paul McCartney og Giles Martin og – kanskje endå meir pirrande – eit essay av Questlove. Spor-for-spor-merknader er skrivne av Beatles-hovudet Kevin Howlett. Det finst også mykje snadder frå arkivet på sidene i heftet, som handskrivne tekstar og slikt.
Desse folka er saktens gode på å gi ut same plata igjen og igjen.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.