Arkivet: Louie, Louie
Verdas mest slitesterke rock’n’roll-song heiter «Louie, Louie».
The Kingsmen (f.v.) Don Gallucci, Jack Ely, Lynn Easton, Mike Mitchell og Bob Nordby.
Foto: Gino Rossi
Verdas mest slitesterke rock’n’roll-song heiter «Louie, Louie». Han er spelt inn over 2000 gonger, første gongen i Hollywood i 1956 då afroamerikanske Richard Berry markerte rytmen ved å brumme taktfast «duh duh duh, duh duh» til ein rullande pianointro.
Riffet hadde han frå «El Loco Cha Cha», nettopp utgitt av kubanaren René Touzet. Berry forfatta nye vers inspirert av namnebror Chuck Berrys calypso «Havana Moon» om ein akterutsegla kubansk sjømann: «Me see de boat head for horizon/ Havana moon, is gone de rum.»
Richard Berry syng same pidginengelsk: «Louie, Louie, oh no, me gotta go/ Aye-yi, yi-yi» om sjømannen som forkortar ventetida hos bartenderen Louie før avreisa til kjærasten på Jamaica.
Songen blei ein hit i California og i statane nordafor. Der kvite ungdomar dyrka svart rock’n’roll, blei «Louie, Louie» spelt av lokale garasjerockband. Gradvis forvandla dei songen til steinhard gitarrock med vrælande vokal som føregreip både punk og grunge.
The Kingsmen spelte inn låten i eit primitivt studio der vokalisten måtte skrike så høgt at teksten blei umogleg å oppfatte. Spekulasjonar om at songen var pornografisk, førte til at delstaten Indiana sensurerte plata, og då The Kingsmen nådde 2. plassen på Billboard jula 1963, var FBI på saka.
I boka Louie, Louie skriv Dave Marsh om heile mytologien og historia til songen. Ho finst no i nyutgåve.
Øyvind Pharo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Verdas mest slitesterke rock’n’roll-song heiter «Louie, Louie». Han er spelt inn over 2000 gonger, første gongen i Hollywood i 1956 då afroamerikanske Richard Berry markerte rytmen ved å brumme taktfast «duh duh duh, duh duh» til ein rullande pianointro.
Riffet hadde han frå «El Loco Cha Cha», nettopp utgitt av kubanaren René Touzet. Berry forfatta nye vers inspirert av namnebror Chuck Berrys calypso «Havana Moon» om ein akterutsegla kubansk sjømann: «Me see de boat head for horizon/ Havana moon, is gone de rum.»
Richard Berry syng same pidginengelsk: «Louie, Louie, oh no, me gotta go/ Aye-yi, yi-yi» om sjømannen som forkortar ventetida hos bartenderen Louie før avreisa til kjærasten på Jamaica.
Songen blei ein hit i California og i statane nordafor. Der kvite ungdomar dyrka svart rock’n’roll, blei «Louie, Louie» spelt av lokale garasjerockband. Gradvis forvandla dei songen til steinhard gitarrock med vrælande vokal som føregreip både punk og grunge.
The Kingsmen spelte inn låten i eit primitivt studio der vokalisten måtte skrike så høgt at teksten blei umogleg å oppfatte. Spekulasjonar om at songen var pornografisk, førte til at delstaten Indiana sensurerte plata, og då The Kingsmen nådde 2. plassen på Billboard jula 1963, var FBI på saka.
I boka Louie, Louie skriv Dave Marsh om heile mytologien og historia til songen. Ho finst no i nyutgåve.
Øyvind Pharo
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.