Arkivet: Loretta Lynn
Singer-songwriter Loretta Lynn på Big Barrel Country Music Festival i Dover i USA i 2015.
Foto: Owen Sweeney / AP / NTB
«The years may come and go, but for me it’s just time», heitte det i tittelsporet på albumet Loretta Lynn gav ut i fjor, Still Woman Enough – den 50. studioplata hennar. Og eg vil tru songen var å høyre frå mange høgtalarar tidlegare denne veka, då countryartisten sjølv gjekk ut av tida, 90 år gammal.
På det som skulle verte hennar siste utgiving, tillét Lynn seg å rette blikket bakover. Nye versjonar av låtar frå ein rikhaldig katalog fekk stå side om side med ferske komposisjonar. Folk som Margo Price, Tanya Tucker, Reba McEntire og Carrie Underwood kom innom og var med på innspelinga – «we girl singers gotta stick together», sa Lynn sjølv då Still Woman Enough kom ut.
I løpet av ein karriere som varte i seks tiår, vart Loretta Lynn nominert til ein Grammy 18 gonger, og ho vann prisen tre gonger. Ein banebrytande artist er borte – ein artist som i kraft av det ho laga, staka ut vegen for så mange andre som kom etter, og som endra sjangeren ho medverka til å definere, fleire gonger.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
«The years may come and go, but for me it’s just time», heitte det i tittelsporet på albumet Loretta Lynn gav ut i fjor, Still Woman Enough – den 50. studioplata hennar. Og eg vil tru songen var å høyre frå mange høgtalarar tidlegare denne veka, då countryartisten sjølv gjekk ut av tida, 90 år gammal.
På det som skulle verte hennar siste utgiving, tillét Lynn seg å rette blikket bakover. Nye versjonar av låtar frå ein rikhaldig katalog fekk stå side om side med ferske komposisjonar. Folk som Margo Price, Tanya Tucker, Reba McEntire og Carrie Underwood kom innom og var med på innspelinga – «we girl singers gotta stick together», sa Lynn sjølv då Still Woman Enough kom ut.
I løpet av ein karriere som varte i seks tiår, vart Loretta Lynn nominert til ein Grammy 18 gonger, og ho vann prisen tre gonger. Ein banebrytande artist er borte – ein artist som i kraft av det ho laga, staka ut vegen for så mange andre som kom etter, og som endra sjangeren ho medverka til å definere, fleire gonger.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.