Musikk
Arkivet: Kva har du i posen?
Amoeba er ei lita grullgruve, meiner Øyvind Vågnes.
Kanskje vil somme av lesarane som likar å gå i platebutikkar, kjenne til legendariske Amoeba Music? Den californiske musikkinstitusjonen opna først i Berkeley, i 1990, og deretter følgde San Francisco og Los Angeles, alle tre stader med så store utval at det har gjort meg heilt perpleks å komme dit. Men Amoeba lever også eit virtuelt liv, med ein vital YouTube-kanal (skapt i 2006). For litt sidan gjorde ein musikkinteressert meg merksam på serien What’s In My Bag?. Det er eg glad for, for det dreier seg om ei aldri så lita gullgruve.
Konseptet er enkelt, og det er smart reklame: Musikkprofilar får snakke heilt kort og entusiastisk om plater dei held høgt, og slik inspirere til lytteglede (og ein tur i ein butikk). Den omfattande gjestelista er rik og mangfaldig, og ho peikar i alle slags retningar, utifrå alle tenkjelege kategoriar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.