Musikk
Arkivet: Karen Dalton
Karen Dalton (1937–1993).
Foto: Wikipedia
Ein artist eg stadig vender tilbake til på desse sidene, er Karen Dalton (1937–1993), låtskrivaren, musikaren og songaren som var ein del av det segnomspunne folkmiljøet i Greenwich Village på 1960-talet, men som forsvann frå musikken etter berre to plater, It’s So Hard to Tell Who’s Going to Love You the Best (1969) og In My Own Time (1971).
Sistnemnde er no ute i ei såkalla deluxe-utgåve, femti år etter at albumet kom ut, og ikkje selde stort. Om du er typen som ikkje nøyer deg med noko anna enn eit fysisk objekt, kan dette vere det beste møtet med Daltons klassiske album, som høgkvalitetsvinyl og med mangt medfølgjande materiale, mellom anna eit lite hefte med tekstar av Lenny Kaye, Nick Cave og Devendra Banhart, men plata er like god som ho alltid har vore, uansett kva utgåve du lyttar til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.