Musikk
Arkivet: Jule-Gruff
For åttande gong har Nordpolen musikklubb gitt ut sin årlege julesingel, som alltid på vinyl i 300 eksemplar, og i år er turen komen til den walisiske artisten Gruff Rhys (f. 1970), kjend både frå Super Furry Animals og frå eigne utgivingar som soloartist, seinast med Seeking New Gods no i sommar.
Dei tre songane på julepakke 09 kom først ut på Athest Xmas EP (2011), men det er ei utgiving det ikkje er lett å få tak i ti år seinare, så klubben er som vanleg på ballen.
Rhys har sin eigen inngang til julelåten som sjanger, og skyr ikkje unna tunge og mørke tema, men eg vågar påstanden at du likevel ikkje vil bli nedfor av å ta ein lytt. «Post Apocalypse Christmas» byr på litt gloom glam, kan ein vel seie, og vert følgd av den snertne poplåten «At the End of the Line».
Verkeleg bratt motbakke vert det med songen på side B, «Slashed Wrists This Christmas», som fortel ei historie som er akkurat så dyster som tittelen tyder på, og som ikkje pakkar noko inn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.