Musikk

Arkivet: John Prine

John Prine i samspel med Nanci Griffith på Americana Music Association Awards i Nashville i 2009.
John Prine i samspel med Nanci Griffith på Americana Music Association Awards i Nashville i 2009.
Publisert Sist oppdatert

Det er ei sorg at eg ikkje kom meg til Oslo for å høyre John Prine (1946–2020) i Konserthuset nokre veker før pandemien slo inn vinteren 2020. Noko kom i vegen, og eg måtte gi frå meg billetten. Det skulle vise seg å verte den siste sjansen eg fekk.

Eg har vendt tilbake til platene til Prine fleire gonger sidan han gjekk bort i april i fjor, og dei siste dagane har eg lytta til volum to av Broken Hearts & Dirty Windows, der ei rekkje artistar tolkar songane til denne verkeleg store låtskrivaren, ein oppfølgjar til det første volumet frå 2010.

Også denne gongen er det ein variert gjeng som er med. Nokre artistar tilhøyrer same generasjon som Prine, som Emmylou Harris, som gjer ein nydeleg versjon av «Hello in There» frå debutalbumet John Prine (1971), ei klassisk utgiving som er representert med heile fem låtar her, mellom dei «Paradise», tolka av Sturgill Simpson.

Fleire av artistane som er med, har markert seg sterkt i nyare tid, som Valerie June, som tolkar ein av dei finaste songane på den siste plata Prine fekk laga, «Summer’s End» (på The Tree of Forgiveness, 2018), og Margo Price, som løftar fram «Sweet Revenge» (opphavleg på plata med same tittel som kom i 1973, ti år før Price vart fødd).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement