Musikk
Arkivet: John Peel
John Peel var kjend for Peel Sessions, der artistar kom på besøk i studio.
Foto: Wikipedia
Radiomannen John Peel (1939–2004) var ei musikklegende, med utrøytteleg og iherdig formidling for BBC Radio 1 frå 1967 og heilt fram til han gjekk bort. Særleg vart han kjend for Peel Sessions, der artistar kom innom studio og heldt ein minikonsert (gjerne med fire songar). Fleire store namn fekk eit større publikum for første gong på denne måten. Meir enn 4000 slike økter vart det til slutt, med over 2000 artistar, og ein del gav Peel ut som EP-plater på sitt eige Strange Fruit Records frå 1986 og frametter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.