Musikk
Arkivet: John Hiatt
John Hiatt på scenen i New York i 2019.
Foto: Richard Drew / AP / NTB
I morgon vert den amerikanske låtskrivaren og artisten John Hiatt 70, og vi klinkar til med tre låtar frå det som har vorte ein omfattande katalog:
Med Crossing Muddy Waters (2000), mannens femtande album, fekk lyttarar eit møte med ein annan Hiatt enn dei var vande med. Sjekk tittelsporet for å få ein smak av korleis det høyrdest ut då han reindyrka eit heilakustisk americanauttrykk med meir enn nokre få dropar bluegrass i seg.
På somme måtar peikar dette albumet fram mot det som kom i fjor, nemleg Leftover Feelings, som Hiatt laga saman med The Jerry Douglas Band, og som fleire meinte vitna om ein revitalisert artist. Musikken vart spelt inn i legendariske RCA Studio B i Nashville, og kanskje inspirerte rommet gjengen – vi vel oss «Mississippi Phone Booth» som smakebit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.