Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Arkivet: Jaime igjen 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brittany Howard har inspirert andre artistar til å gå laus på musikken hennar.

Pressefoto

1248
20210917
1248
20210917

Eg løfta fram Brittany Howards strålande album på desse sidene då Jaime kom ut for to år sidan. Midtsommars kom det ei frisk oppfølging, eller eit slags forfriskande gjenhøyr, Jaime Reimagined, der ei rekkje profilar har fått tilgang til råmaterialet til plata og elles fått fritt kreativt spelerom til å gjere som dei vil.

Dermed tvillingen til Jaime, som sjølvsagt har mykje til felles med albumet som kom i 2019, men som også er noko heilt anna. Ta «Stay High», som toppa listene og fekk ein Grammy for beste rockelåt. Etter at Childish Gambino har teke ein runde med songen, er han tilført ein ny og annan energi, utan å miste den grunnleggjande identiteten.

Og så er det «Short and Sweet», som Bon Iver fekk fingrane på, for ikkje å snakke om «13th Century Metal», som vart send Michael Kiwanukas veg. Slike eksperiment er ikkje alltid like vellukka, men det balanserer gjennomgåande i dette tilfellet, ikkje minst når ein høyrer korleis J Most i samarbeid med Emily King har teke vare på den flotte kjærleikssongen «Georgia».

Om det er lesarar som kjenner Howard frå platene med The Alabama Shakes, men som ikkje har fått lytta til soloarbeidet hennar, er tida inne, og no finst det to inngangar til Jaime.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg løfta fram Brittany Howards strålande album på desse sidene då Jaime kom ut for to år sidan. Midtsommars kom det ei frisk oppfølging, eller eit slags forfriskande gjenhøyr, Jaime Reimagined, der ei rekkje profilar har fått tilgang til råmaterialet til plata og elles fått fritt kreativt spelerom til å gjere som dei vil.

Dermed tvillingen til Jaime, som sjølvsagt har mykje til felles med albumet som kom i 2019, men som også er noko heilt anna. Ta «Stay High», som toppa listene og fekk ein Grammy for beste rockelåt. Etter at Childish Gambino har teke ein runde med songen, er han tilført ein ny og annan energi, utan å miste den grunnleggjande identiteten.

Og så er det «Short and Sweet», som Bon Iver fekk fingrane på, for ikkje å snakke om «13th Century Metal», som vart send Michael Kiwanukas veg. Slike eksperiment er ikkje alltid like vellukka, men det balanserer gjennomgåande i dette tilfellet, ikkje minst når ein høyrer korleis J Most i samarbeid med Emily King har teke vare på den flotte kjærleikssongen «Georgia».

Om det er lesarar som kjenner Howard frå platene med The Alabama Shakes, men som ikkje har fått lytta til soloarbeidet hennar, er tida inne, og no finst det to inngangar til Jaime.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis