Musikk

Arkivet: Ivan Neville er tilbake

Ivan Neville på New Orleans Jazz & Heritage Festival søndag 30. april i år.
Ivan Neville på New Orleans Jazz & Heritage Festival søndag 30. april i år.
Publisert

Multiinstrumentalisten og songaren Ivan Neville (63), son av sølvstrupen Aaron Neville, kjem frå ein familie av New Orleans-musikarar som har skapt stor rhythm & blues, jazz, soul og funk. To av onklane hans var med i funkbandet The Meters, som blei oppløyst i 1977. Dei to tok med seg ein tredje onkel og danna supergruppa The Neville Brothers saman med Aaron. Dei tok verda med storm, og unge Ivan blei etter kvart også med.

På det ferske eigenproduserte soloalbumet Touch My Soul, det første frå Ivan Neville på ein mannsalder, er det som The Meters og Neville Brothers er tilbake, denne gongen med Nevilles eige Dumpstaphunk som studioband. Talking Heads’ «This Must Be the Place» er einaste coverlåt, i skrivande stund 40 år sidan songen kom ut på LP-en Speaking In Tongues 1. juni 1983. Her går New Orleans og New Wave opp i ein høgare einskap av polyrytmikk og brassband.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement