Musikk

Arkivet: Herzog og Thompson

Richard Thompson står for musikken til filmen om Grizzly-mannen.
Richard Thompson står for musikken til filmen om Grizzly-mannen.
Publisert

For eit par veker sidan, då regissør Werner Herzog fortalde bladet The New Yorker om både filmar og bøker som er på veg, kom han inn på det han kalla disneyfiseringa av landskap, menneskeleg eksistens, historieforteljing og forholdet vi har til den ville naturen. Som døme på ei slik villfaren innstilling nemnde han deretter Timothy Treadwell, som han sjølv laga ein dokumentarfilm om, nemleg Grizzly Man (2005), som følgjer bjørneentusiasten heile vegen fram til det som vart ei brutal og tragisk endelykt i villmarka i Alaska i 2003.

Den filmen vil eg tilrå, men her skal eg nøye meg med å nemne lydsporet, for det var det nemleg Richard Thompson som stod for – gitaristen stod i to dagar i eit studio og spelte på gitaren sin medan Herzogs opptak flimra over ein skjerm. Denne strategien – musikalsk improvisasjon som respons til visuelt materiale – fører med seg noko rått og impulsivt, og det finst mange som meiner at opptaka har vore for bortgøymde i Thompsons omfangsrike diskografi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement