Musikk
Arkivet: Garth Hudson presenterer
Eg fekk det ikkje med meg då The Band-virtuosen Garth Hudson samla nokre av Canadas fremste artistar til å tolke somme av bandets klassiske komposisjonar på Garth Hudson Presents a Canadian Celebration of The Band (2010), men då utgivinga nyleg kom i ny utgåve, gjekk det meg heldigvis ikkje hus forbi. Plata, som har vore vanskeleg å få tak i, byr på to nye spor og eit hefte med ny tekst av Alan Cross og er ein aldri så liten lyttefest for alle som er glade i The Band.
Høgdepunkta er mange. Det kjennest alltid som ei gåve å få høyre røysta til Mary Margaret O’Hara, for det er ikkje så ofte ho syng på plate, og her gjer ho ei nydeleg tolking av «Out of the Blue» med The Sadies. Skikkeleg glad vert eg også av å høyre Peter Katz and the Curious’ versjon av «Acadian Driftwood», og no plateaktuelle Cowboy Junkies gjer ein fin vri på «Clothes Line Saga», den underlege låten Dylan laga saman med The Band.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.