Musikk

Arkivet: Fleire karantenesongar

Publisert

Vi spanderte nokre ord på Songs From Quarantine då utgivinga kom tidlegare i år, og no har Rodney Crowell fått med seg eit knippe artistar til ein oppfølgjar, Songs From Quarantine Vol. 2, der inntektene nok ein gong går til Music Health Alliance.

Fjorten spor har det vorte, med rimeleg bra variasjon: Artistlista rommar Guy Clark, Sheryl Crow, Willie Nelson og John Daly, Ringo Starr, Shelby Lynne, Allison Moorer, Cory Chisel, William Bell, John Paul White, Mary Gauthier, Beth Nielsen Chapman, Vince Gill, Molly Tuttle og Crowell sjølv. Ganske tett med tilårskomne folk, med andre ord, men så er det også stas med så mange veterantrubadurar av dette kaliberet på eitt og same album.

Eg er glad for å høyre Clark framføre «Step Inside this House», som visstnok skal vere den første songen han skreiv, i 1966, då med tittelen «Step Inside My House», ein låt som har vore framført av mange artistar opp gjennom, utan at komponisten sjølv heilt har slått seg til ro med at songen har komme seg forbi det skisseaktige. Somme vil nok ha høyrt versjonen som vart tittelsporet på Lyle Lovetts Step Inside This House (1998), og dermed vite at det er ein fin låt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement