Musikk
Arkivet: Deep Purple
Vokalversjonen av «Deep Purple» med Guy Lombardo som vokalist.
Peter DeRose, komponist av jazz- og pop på 1920- og 1930-talet i New Yorks Tin Pan Alley, hadde eigne show på NBC Radio. Mest kjend var han for pianostykket «Deep Purple» som blei utgitt i notehefte i 1933. Året etter laga Paul Whiteman eit storbandarrangement som i djupfiolette tonar eigna seg til dans og røyndomsflukt under depresjonen.
I 1938 sette tekstforfattaren Mitchell Parish dei rette orda på kjenslene, og dei største vokalistane i tida stod i kø for å synge inn «Deep Purple» på plate: Guy Lombardo, Jimmy Dorsey, Bing Crosby. Melodien blei ein standard spelt av jazzmusikarar frå Harry James til Sun Ra.
I gjennombrotsåret til The Beatles for 60 år sidan gjorde søskenparet Nino Tempo & April Stevens ein folkprega duettversjon av «Deep Purple» med Glen Campbell på gitar. I dag vil vi seie at han har Twin Peaks-stemning. Plata toppa dei amerikanske hitlistene hausten 1963 og fekk Grammy som Rock’n’Roll Song of the Year.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.