Musikk
Arkivet: Då Gene Pitney trekte pusten
Det er 40 år sidan «Every Breath You Take» med The Police toppa Billboard i åtte veker.
Gene Pitney (1940–2006).
Foto: Raoul Fornezza / AP / NTB
Det er 40 år sidan «Every Breath You Take» med The Police toppa Billboard i åtte veker. Året etter rakk dei å få med seg Grammy-prisen Årets song, før gruppa vart oppløyst.
Korkje Sting eller dei to andre i The Police omtalte signaturlåta deira som noko meisterverk. Under innspelinga skar det seg ofte mellom Sting og trommeslagaren, Stewart Copeland, om arrangementet. Det tydelegaste ved låta er gitarriffet til Andy Summers. Riffet blei resirkulert av Puff Daddy i hip-hop-hiten «I’ll Be Missing You» i 1997 og ikkje minst i ein remiks i «Mr. Ruggiero’s Neighborhood»-episoden (nr. 27) i tredje sesong av The Sopranos, der Summers-gitaren glir saumlaust over i Henry Mancinis’ noir detektivklassikar «Peter Gunn Theme».
Sting har sagt at folk har mistydd songen. Det er ikkje ein kjærleiksballade. Teksten er nifs, han handlar om kontroll, om ein stalker. Tittelen på låta er ein vri på den storslåtte Jerry Goffin & Carole King-songen «Every Breath I Take».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.