Musikk
Arkivet: Courtney Marie Andrews
Courtney Marie Andrews spelte i Paris ein haustkveld.
Foto: Øyvind Vågnes
Brått stod eg jammen midt i Paris ein haustkveld, med ein billett i handa, til La Boule Noire, ein liten klubb oppunder bakkane i Montmartre, nokre steinkast frå Sacré-Coeur, der ingen ringare enn Courtney Marie Andrews skulle spele.
Det vart ei framifrå oppleving, med sterk hovudvekt på Old Flowers, albumet som kom rett før alt stengde ned, i mars 2020. Andrews kom til den franske hovudstaden utan band, men klarte seg aldeles ypparleg med kassegitar, tangentar og ei røyst som var akkurat like fin frå scenen som på plate.
Andrews har eg ikkje skrive om før, og eg bør sjølvsagt nytte høvet til å tipse om tre songar: Finn vegen til den avstemte tristessen i «Table For One», som kom alt i 2017 og representerte det første møtet med artisten for min del – eit av høgdepunkta denne kvelden i Montmartre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.