Arkivet: Cohen-hyllest
Av og til kan ein song finne ein ny heim på ein måte som straks kjennest heilt rett, og dette er tilfellet når Mavis Staples gir seg i kast med Leonard Cohens «If It Be Your Will» (opphavleg på Various Positions, 1984). Å kople akkurat denne røysta til akkurat denne komposisjonen – ein av mine favorittar – klaffar fullt og heilt, i det som for denne lyttaren høyrer til mellom dei finaste musikalske stundene i 2022, snart seks år etter at mannen bak gjekk bort.
Versjonen er – saman med elleve andre songar av like mange artistar – å finne på albumet Here it is, som kom ut for nokre dagar sidan. No manglar det ikkje på forsøk på å tolke Cohen, men likevel kan trufaste lyttarar trygt gi utgivinga ein sjanse. Bak det heile står musikar og produsent Larry Klein, som kjende Cohen godt og var mykje saman med han dei siste 15 åra han levde.
Når Here it is har vorte ei så heilskapleg plate, er det mellom anna fordi Klein gjer bruk av eit framifrå kjerneband (Bill Frisell, Immanuel Wilkins, Kevin Hays, Scott Colley, Nate Smith, Greg Leisz og Larry Goldings) heile vegen, uansett om det er Norah Jones, Peter Gabriel eller Iggy Pop som dukkar opp i studio. Vi veit det, men toler å oppdage det igjen og igjen: For ein songskatt Leonard Cohen etterlét seg!
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Av og til kan ein song finne ein ny heim på ein måte som straks kjennest heilt rett, og dette er tilfellet når Mavis Staples gir seg i kast med Leonard Cohens «If It Be Your Will» (opphavleg på Various Positions, 1984). Å kople akkurat denne røysta til akkurat denne komposisjonen – ein av mine favorittar – klaffar fullt og heilt, i det som for denne lyttaren høyrer til mellom dei finaste musikalske stundene i 2022, snart seks år etter at mannen bak gjekk bort.
Versjonen er – saman med elleve andre songar av like mange artistar – å finne på albumet Here it is, som kom ut for nokre dagar sidan. No manglar det ikkje på forsøk på å tolke Cohen, men likevel kan trufaste lyttarar trygt gi utgivinga ein sjanse. Bak det heile står musikar og produsent Larry Klein, som kjende Cohen godt og var mykje saman med han dei siste 15 åra han levde.
Når Here it is har vorte ei så heilskapleg plate, er det mellom anna fordi Klein gjer bruk av eit framifrå kjerneband (Bill Frisell, Immanuel Wilkins, Kevin Hays, Scott Colley, Nate Smith, Greg Leisz og Larry Goldings) heile vegen, uansett om det er Norah Jones, Peter Gabriel eller Iggy Pop som dukkar opp i studio. Vi veit det, men toler å oppdage det igjen og igjen: For ein songskatt Leonard Cohen etterlét seg!
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.