Musikk

Arkivet: Blade Runner

Skodespelar Harrison Ford får instruksjonar av regissør Ridley Scott.
Skodespelar Harrison Ford får instruksjonar av regissør Ridley Scott.Skodespelar Harrison Ford får instruksjonar av regissør Ridley Scott.
Publisert

Det var nok fleire enn meg som henta fram gode, gamle Blade Runner (Ridley Scott, 1982) då risikoprosjektet Blade Runner 2049 (Denis Villeneuve, 2017) dukka opp på kino i fjor – og kom godt frå det. Men har du lytta til lydsporet til Scotts ikoniske, stilskapande film frå tidleg 1980-år?

Dette lydsporet var det den greske filmkomponisten Vangelis (f. 1943) som stod for, og i eit nyleg intervju med musikktidsskriftet Mojo kan Julia Holter (sjå sak ovanfor) fortelje at albumet har vore ei sentral inspirasjonskjelde for henne. Etter ein nylytt gir koplinga i aller høgste grad meining.

Lytt berre til «Rachel’s Song» med Mary Hopkins drøymande, ordlause vokal i sentrum – eit spor Holter sjølv trekkjer fram i intervjuet med Mojo. Eit anna er pianomelodien «Memories of Green». Med Vangelis deler elles Holter ein kjærleik til synthesizeren CS-80, som er viktig for lyden av Blade Runner – og for Holters album Have You In My Wilderness (2015).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement