Musikk
Arkivet: Beyoncé
Beyonce då ho tok imot Grammy-prisen for beste rapsong, «Savage», i mars i år.
Foto: Chris Pizzello / AP / NTB
Denne laurdagen fyller Beyoncé Giselle Knowles-Carter rett og slett 40, og det går an å gå ut frå at ein av verdas mestseljande plateartistar og største stilikon vert feira både her og der.
Kor mange festar har ikkje fått eit løft med ein Beyoncé-låt? Kor mange tek i denne augneblunken ein dusj og syng ein av songane hennar av full hals?
Idet Bob Stanleys popmusikkhistoriske framstilling Yeah! Yeah! Yeah! The Story of Pop Music from Bill Haley to Beyoncé (2014) nærmar seg slutten, på side 546, og entusiasten vier nokre ord til «den fenomenale festlåten» «Crazy in Love», siterer han artisten sjølv: «’Crazy in Love’ er eit av desse klassiske augeblikka i pophistoria som ingen av oss kunne ha føresett.»
Sjølv er eg gammal nok til å ha vore godt vaksen då eg tralla med då Destiny’s Child, gruppa ho song i fram til 2005, toppa hitlistene for tjue år sidan. Sidan den gongen har ho selt meir enn hundre millionar plater som soloartist og vunne 22 Grammy-prisar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.