Musikk

Arkivet: Bella Union

The Soundwalk Collective har med seg Patti Smith.
The Soundwalk Collective har med seg Patti Smith.
Publisert

Det har gått 25 år sidan Simon Raymonde og Robin Guthrie (Cocteau Twins) stifta Bella Union, og Raymonde, som har halde fram med plateselskapet, feirar jubileet med å gi ut soloalbumet han sjølv sleppte som første utgiving, Blame Someone Else, som (med tre bonusspor) har fått tittelen Solo Works 96–98, ein liten nostalgitripp han bør få lov til å unne seg.

Bella Union står støtt i dagens musikkmarknad, og mellom nye utgivingar finst også boksen The Perfect Vision som samlar albuma The Soundwalk Collective har laga saman med Patti Smith, The Peyote Dance (2019), Mummer Love (2019) og Peradam (2020) – utgivingar som lèt Smith søkje sine poetiske røter (Arthur Rimbaud, Antonin Artaud, René Daumal) i suggestive lydlandskap der reisemotivet er viktig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement