Musikk
Arkivet: Belgisk ørkenmusikk
The Colorist Orchestra i aksjon.
Pressefoto
Han har alltid vendt tilbake til ørkenen, Howe Gelb, ikkje minst med bandprosjektet fleire vil assosiere namnet hans med, nemleg Giant Sand, som først fann form i den amerikanske delstaten Arizona, og som seinare har hatt ulike alt-country-konfigurasjonar sidan midten av 1980-talet.
Kanskje finst det lesarar som kjenner Gelbs solo-americana-tapping frå nokre år tilbake sidan, The Coincidentalist (2013), med sitt uimotståelege opningsspor «Vortexas»? I så fall bør dei spisse øyra no, i møtet med songen «More Exes», som er ein slags (nær) slektning av «Vortexas» og resultatet av eit nytt, eventyrleg samarbeid med det belgiske kammerpopprosjektet The Colorist Orchestra, stødig leia av Aaarich Jespers og Kobe Proesmans.
Jespers, Proesmans og gjengen har sidan 2013 kasta seg over katalogen til ulike popartistar og rekonfigurert denne med inspirasjon frå folk som Kronos Quartet og Talking Heads. Avantpopprosjektet Not On The Map (Dangerbird/Border) er det andre samarbeidet med Gelb, og det fascinerer, ikkje minst dei fire låtane der Pieta Brown er med på vokal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.