Musikk

Arkivet: «Be My Baby»

For nøyaktig 60 år sidan nådde «Be My Baby» med The Ronettes andreplassen på Billboard Hot 100.

The Ronettes då dei song «Be My Baby», produsert av Phil Spector.
The Ronettes då dei song «Be My Baby», produsert av Phil Spector.
Publisert

For nøyaktig 60 år sidan nådde «Be My Baby» med The Ronettes andreplassen på Billboard Hot 100. Låten var produsert av Phil Specor og er utropt til noko i nærleiken av rockens heilage gral av både Keith Richards og Brian Wilson. The Ronettes var søstrene Veronica (Ronnie) og Estelle Bennett og kusina Nedra Talley. Dei blei stilikon med komboen skulpturert høysåtehår, beksvart maskara og eyeliner og tronge skjørt. I studio song Ronnie utan dei andre, men med eit heilt kor som talde ei enno ukjend Cher.

Phil Spector var produsenten som var større stjerne enn songarane. Han spelte inn alle musikarane samtidig og la på songen til slutt mot ein Wagner-inspirert lydvegg som han kalla The Wall of Sound. Popsongane sine omtalte han som symfoniar «for the kids». Han brukte dei beste låtskrivarane i USA og eliten av studiomusikarar i Los Angeles. Seinare kjende som The Wrecking Crew.

«Be My Baby» var eit jordskjelv av tenåringslengslar der den drønnande trommefrasen til Hal Blaine er blitt ein ikonisk rockintro til klaprande kastanjettar og massiv pianolarm, før kor og blåsarrekke kjem for fullt bak den rå og skjelvande røysta til Ronnie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement