Musikk

Arkivet: Baksida blei historisk plateomslag

Publisert

Bo Diddley song «I look like a farmer/ but I’m a lover/ you can’t judge a book by looking at its cover.» Sist helg hadde Oslo-galleriet (art with a) Purpose i samarbeid med foreininga Grafill ei utstilling med 105 rockhistoriske LP-cover laga av teikneserieskaparar.

Det er ny sjanse til å sjå utstillinga denne helga. Kurator Lars Fiske og gallerist Michael Manasse siterer Bo Diddley og har kalla utstillinga Judge it by the cover, med eit kremutval av norske og utanlandske teiknarar.

Her heng coveret til Cheap Thrills, som var debutalbumet til Janis Joplin og The Big Brother & the Holding Company i 1968, laga av undergrunnsteiknar nr. 1, Robert Crumb.

Crumb likte Janis Joplin fordi ho kunne synge gamal countryblues, men kunne ikkje utstå den psykedeliske rocken til Big Brother. Han blei uglad då framsida han teikna, blei vraka til fordel for baksideillustrasjonen med ei fantasifull teikneserierute for kvart spor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement