JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Arkivet: Bak sløret

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tre tenåringsjenter frå Wien tverkar i hijab og syng «Losing My Religion» i filmen til Kurdwin Ayub.

1432
20221028
1432
20221028

Dei kan knapt vite kva det vil føre med seg, Yesmin, Bella og Nati, når dei tullar litt og endar med å kle seg i hijab og lage ein video der dei mimar til R.E.M.-songen «Losing My Religion» – den vesle filmsnutten går viralt, og fører med seg både føreseielege og uføreseielege konsekvensar for dei tre, i regissør Kurdwin Ayubs debutfilm Sonne, med den norske tittelen Bak sløret (2022), der uttrykksfulle Melina Benli imponerer i rolla som Yesmin.

Eg såg filmen på Bergen internasjonale filmfestival førre helg og vart slegen av Ayubs levande skildring av dei kurdiske miljøa i Wien – men også av rolla musikk kan spele når ein set seg sjølv i scene i vår samtid. Den mandolindrivne «Losing My Religion» (1991) var i si tid ein høgst usannsynleg global hit, og måten songen figurerer på i Bak sløret, er ei forfriskande påminning om kva som faktisk bur i låten, og dei lange reisene ein tekst og ein melodi kan leggje ut på.

Bak sløret fører indirekte sjåaren frå reservoaret av amatørfilm på YouTube og heile vegen tilbake til musikkvideoen Tarsem Singh laga for R.E.M., med sin tvitydige ikonografi. Kva gir songen uttrykk for, når Yesmin, Bella og Nati røskar tak i han? Og kva tyder alt saman for foreldra til Yesmin, eller for alle dei andre som etter kvart ser og meiner sitt? Meir enn å gi svar på slike spørsmål, inviterer Bak sløret til diskusjon rundt dei – slik gode filmar skal gjere.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis