Musikk
Arkivet: Aldous Harding
Aldous Harding på scena på Haldern Pop Festival i Tyskland.
Foto via Wikimedia
Rett over påske kjem Aldous Harding til Oslo – den 11. april er artisten på plass på Sentrum Scene, med H. Hawkline (nyleg meld på desse sidene) som oppvarmingsartist.
Harding er ein av desse artistane som det gjer seg godt å få med seg i eit ikkje altfor stort lokale. Eg høyrde henne for første gong på klubben Mohawk ein sommarkveld i Austin i året som gjekk, og forstod kvifor så mange vert fjetra, og nokre regelrett sette ut, når dei kjem tett på henne som sceneartist. Det var ganske stort.
Mesteparten av materialet den kvelden kom frå fjorårets Warm Chris, eit album som kombinerer meloditeft og uredd originalitet, med ukonvensjonell, tidvis kryptisk popmusikk som utfall. På scenen viser Harding ein slags teatralitet som passar utruleg godt til dette uttrykket. Då dansinga var på sitt mest hakkete, og nakken skaut fram som hos ein fugleunge, gjekk tankane mine til David Byrne, noko dei gjorde fleire gonger den kvelden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.