Musikk

Arkivet: Abbey Road-studioet

I 1988 vart voksfigurar av The Beatles plasserte framfor det kjende Abbey Road-studioet i London.
I 1988 vart voksfigurar av The Beatles plasserte framfor det kjende Abbey Road-studioet i London.
Publisert

Det finst nokre få platestudio det går an å lage ein heilaftans dokumentarfilm om, og eit av dei er Abbey Road Studios i London. Mary McCartney (f. 1969) meinte seg kalla til oppgåva og har regien på If These Walls Could Sing, som i dag har premiere på Disney pluss.

I opninga får vi høyre at dottera til Paul McCartney kjenner seg som heime i studioet, sidan ho var pent nøydd til å vere der i lange stunder tidleg i barndommen, då mora og faren laga musikk der med Wings.

Raskt etter at denne tilknytinga er etablert, tek regissør McCartney steget bak kamera, inviterer oss tilbake i tid og inn i ein av dei verkeleg store institusjonane i britisk musikkhistorie, med ein miks av arkivfilm og nye og gamle intervju.

Studioet kom først i bruk på 1930-talet, med Elgar og symfonisk orkester, men dei store pengane låg i populærmusikkens framvekst, frå og med seint på 1950-talet.

Det er fascinerande å høyre anekdotar frå Paul og Ringo, og både Elton John og Jimmy Page fortel om då dei byrja som usikre studiomusikarar i Abbey Road. Frå filmarkivet ser vi Cilla Black og Burt Bacharach, og etter kvart Pink Floyd og Fela Kuti, for å nemne nokre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement