Musikk
Arkivet: 50 år med Billy Joel
Billy Joel spelar framleis for fulle konserthus.
Foto: Scott Roth / AP / NTB
I haust bestemte Legacy Recordings, katalogavdelinga i Sony Music som har teke seg av arkiva til Columbia Records og Epic Records sidan 1990, då Sony kjøpte CBS Records, seg for å feire det faktum at det hadde gått eit halvt hundreår sidan Billy Joel byrja å gi ut plater.
Ein boks samla dei seks første albuma hans i ny utgåve, med gamle og nye konsertopptak, og dokumenterte artistens 1970-tal. Og no følgjer dei opp: Ei artig ny nettside (https://nysom.billyjoel.com/) lèt eit interaktivt kart over New York føre deg strake vegen inn i nostalgien, med mangt knask for nye og (mest) gamle lyttarar.
Som følgje til sida har Joel gitt ut Places, ein EP som peilar oss inn mot nokre av destinasjonane på kartet: «New York State of Mind», «Movin’ Out (Anthony’s Song)», «Big Man on Mulberry Street», «Everybody Loves You Now», og «Miami 2017 (Seen the Lights Go out on Broadway)».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.