Musikk
Arkivet: Ann Peebles i Memphis
Ann Peebles då ho song på Beale Street Music Festival i Memphis i 2007.
Foto: Lindsey T / Wikipedia
Det finst berre eitt konsertopptak med Ann Peebles & The Hi Rhythm Section, laga på det segnomsuste Peabody Hotel i Memphis ein februarkveld i 1992. For litt sidan vart det gitt ut på plate, med tittelen Live in Memphis (Memphis International) – musikk som gjer stega dine litt lettare over stovegolvet.
The Hi Rhythm Section var husbandet til plateselskapet Hi Records og romma dei tre talentfulle brørne Mabon (gitar), Leroy (bass) og Charles (orgel) Hodges, og Archie Turner (tangentar), Howard Grimes (trommer) og Thomas Bingham (gitar), ein gjeng produsent Willie Mitchell samla på siste halvdel av 1960-talet – ei gruppe musikarar som vart sentrale på ei rekkje Memphis-plater, av folk som Peebles og Al Green.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.