Musikk

Antydingas kunst

Bachs cellosuitar er ånda sin triumf over materien.

Utsnitt av stilleben med mat og musikkinstrument (cello til høgre) av Pieter Claesz (ca. 1597–1660).
Utsnitt av stilleben med mat og musikkinstrument (cello til høgre) av Pieter Claesz (ca. 1597–1660).
Publisert Sist oppdatert

CD

Johann Sebastian Bachs (1685–1750) solomusikk for strykeinstrument er døme på antydingas kunst. På den eine sida utforska han her, meir enn nokon annan før han, yttergrensene for kva som lèt seg utføra på eit strykeinstrument reint teknisk. På den andre sida er musikken ein kompositorisk tour de force: Bach syner at det er mogleg å skriva subtil fleirstemmig musikk også for instrument som eigentleg er laga for å spela einstemmige melodiar.

Hint

Seks suitar for cello solo utan bass, BWV 1007–1012, er ei rekkje forspel og dansesatsar som truleg blei til kring 1720, medan Bach var hoffkapellmeister i Köthen utanfor Leipzig. Han var nok ute etter å attskapa den klanglege rikdomen frå orgel- og cembalomusikken – men med middel som altså eigentleg ikkje tillèt slikt. Sidan berre eit fåtal tonar kan spelast samstundes på cello, blir bassliner, akkordtonar og motstemmer ofte berre hinta om. Det er fyrst i fantasien til den merksame lyttaren at det fulltonande blir realitet.

Preludiet til den femte suiten er det sterkaste dømet. Bach komponerer her ein firestemmig fuge mest heilt utan å nytta dobbeltgrep, altså akkordar der to eller fleire strenger blir strokne samstundes. Ein skulle jo ikkje tru det var mogleg. «Ånda sin triumf over materien» kalla den romantiske Bach-biografen Philipp Spitta på 1800-talet slikt.

Piccolocello

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement