Andersen oppsummerer
Bassen og elektronikken er siamesiske tvillingar.
Arild Andersen har gjort elektronikken til ei forlenging av kontrabassen, skriv Lars Mossefinn.
Foto: Kerstin Siemonsen / ECM Records
Jazz
Arild Andersen:
Landloper
Arild Andersen, bass og elektronikk
ECM
Eg kan ikkje koma på nokon annan bassist som har greidd å smi saman instrumentet og elektronikken til ein heilskap slik Arild Andersen har gjort gjennom ein periode på over 50 år. Albumet Landloper (nederlandsk for vandringsmann, reisande) er mellom anna eit lysande prov på det. Det langvarige og systematiske arbeidet har gjort elektronikken til ei forlenging av instrumentet, ein del av stemma til Andersen. Dette kjem så absolutt til sin rett på ei soloplate der dei elektroniske verkemidla er nytta i full skala.
Plata er også ei musikalsk oppsummering på fleire plan. Andersen har spelt solo før, mellom anna på Kongsberg Jazzfestival i 1994, men stort sett er han ein del av eit ensemble. Oftast har han leia eigne band, men han har ei merittliste som medmusikant som få andre.
Inspirasjonskjelder
Repertoaret reflekterer grunnleggjande inspirasjonskjelder, ulike kunstnarlege fasar og musikalske samarbeid. Her finn ein Albert Aylers «Ghosts» som «ouverture» til «Old Stev» (Gamlestev), og Charlie Hadens «Song for Che» som hale til Ornette Colemans «Lonely Woman». Dei to sistnemnde er emosjonelt på same frekvens, og tolkinga til Andersen slår dette uttrykkeleg fast.
Eviggrøne låtar
Om mogeleg endå meir elegant er dei musikalske bruene Andersen byggjer mellom nemnde «Ghosts», «Old Stev» og tittellåten «Landloper». Tittellåten, «Dreamhorse» og «Mira» oppsummerer på stikkordsmessig vis også det faktum at Andersen har ein heil katalog av låtar av det eviggrøne slaget.
Mesteparten av plata er henta frå ein konsert på Victoria Nasjonal Jazzscene 18. juni 2020. I heimestudioet har han arrangert og spelt inn «Peace Universal» av trommeslagaren Bob Moses. Her brukar Andersen elektronikken til å laga ei orkestral innramming av det vakre temaet spelt på bassen. Ei perfekt opning på ei plate som er ein fryd å lytta til frå byrjing til slutt.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.